
I Kvinnherad blir det førehandsrøysting frå 11. august og fram til 5. september. Valdag(ane) blir 7. og 8. september.
Røystestader og -tider vedtatt
Tid og stad for førehandsrøyster, valdagen og røysting på bokbussen er no vedtatt
Valstyret godkjente 6. mars følgjande røystestader for røystemottak i perioden 11.august - 5.september 2025.
Faste røystestader:
- Rådhuset i Rosendal, i opningstida.
- Kvinnherad bibliotek på Husnes, i opningstida.
- Hatlestrand oppvekstsenter, 2 faste dagar i veka. – (frå veke 34 – 36 grunna skulestart veke 33).
- Øyatun skule, 2 faste dagar i veka. – (frå veke 34-36 grunna skulestart veke 33).
Desse institusjonane får besøk og med det høve til førehandsrøysting.
- Ølve alderspensjonat
- Rosendalstunet
- Husnestunet
- Halsnøytunet
- Valen sjukehus
Andre stader i kommunen som får besøk av bokbussen i valærend:
- Uskedalen
- Borgundøy
- Utåker
- Matre og Åkra
- Varaldsøy
- Sundal
Til dei ovannemnde stadene vil vert bokbussen nytta.
- Kvinnherad vidaregåande skule
%20Valgjeng.jpg)
Denne strame gjengen skal syta for at årets stortingsval blir prikkfritt gjennomført, som i 2023.
Tidlegrøysting i perioden 1.juli – 8.august skal skje på Rådhuset i Rosendal etter avtale.
Valstyret har gitt kommunedirektøren mynde til å handsama søknadar frå veljarar som grunna sjukdom eller uførleik søkjer om å få røysta der dei oppheld seg med heimel i vallova § 8-3. Søknadane må vera motteken av kommunen innan onsdag 3.september 2025.
Vallova set opp 3 periodar for innlevering av røyster til val. Tidlegrøysting i perioden 1. juli til 8. august er ei løysing for dei som ikkje har høve til å røysta i førehandsrøysteperioden eller på valdag(ane). Gjennomføringa av tidlegrøysting er noko forenkla, og det er mellom anna tilstrekkeleg med ein røystemottakar.
Røysting på valdag(ane) og førehandsrøysting i perioden 11. august til 5. september set fleire krav. Det er mellom anna fleire krav knytt til røystelokala og at det skal vera minimum to røystemottakarar til stades.
Valstyret har vedtatt følgjande valkrinsar, lokale og opningstider:
- Hatlestrand, Hatlestrand barne- og ungdomskule
- Rosendal, Rådhuset
- Husnes, Kulturhuset Husnes
- Halsnøy, Øyatun ungdomskule
Alle lokala skal ha ope måndag 8.september frå kl. 10.00 – 19.00. Rosendal - Rådhuset og Husnes - Kulturhuset Husnes skal også ha ope søndag 7.september. frå kl.12.00 – 16.00.
Ved Stortingsvalet i 2021 var det 77,2 prosent valdeltaking. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det er større valdeltaking ved stortingsvala enn ved kommunestyre- og fylkestingsvala.
Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 var det 6.566 kvinnheringar som stemde, og dette talet har vore nokså stabilt heilt sidan Kvinnherad fekk si noverande geografiske avgrensing i 1964.
Til samanlikning har rundt 7.449 kvinnheringar røysta ved stortingsvala i den same perioden. Basert på tala ovanfor reknar kommunedirektøren med at framlagd plan for krinsar, lokale og opningstider kjem til å føra til ei god valgjennomføring.
Sist oppdatert