Skog i Kvinnherad

Inviterer til skogkveld om innføring i skogbruket

Skogselskapet i Bergen og Hordaland inviterer til skogkveld både på Husnes og i Ølve.

Både 25. mars i Kvinnherad Arena frå 1800 til 2030 og Ølve Ungdomshus 27. mars frå 1800 til 2030. Det er tid og stad for «Innføring i skogbruket», som er ein møteserie i Hordaland for skogeigarar som ønskjer grunnleggjande innføring i skogbruket.

– Me ønskjer alle skogeigarar velkommen, uavhengig av kva skog ein har eller om ein har mykje eller lite skog på eigedommen, melder Skogselskapet Bergen og Hordaland.

Kommunen stiller med representant og arrangementa er gratis og opne for alle interesserte. Det krevst heller ikkje noko påmelding.

Tema på kveldane

Skogbruksplan:

  • Gjennomgang av en skogbruksplan. Forklaring av omgrep i planen og korleis ein bruker planen på «min eigedom»

Planlegging før og etter skogsdrift

  • Kva bør ein tenke på ved planlegging av hogst
  • Tilskotssatsar for bygging av skogsveier
  • Skogfond/skatt

Korleis få fart på skogkulturarbeidet

  • Kva er status på dette området i Vestland og i min kommune?
  • Nødvendige tiltak i «min skog»
  • Tilskotssatsar for skogkulturtiltak

Rolf Erling Loe frå Skogkurs og Atle Almeland frå Skogselskapet Bergen og Hordaland er foredragshaldarar.

Meir informasjon er å finna her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.


Skog i Kvinnherad

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?