Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform
Kvinnherad-vinnarane Vemund Enes (t.v.), Iver Gammelsæther IJsermanns og Peder Sundl Utne, saman med juryen Bente Marie Sjo, Gaute Lund og Eva Refvik.

Kvinnherad-vinnarane Vemund Enes (t.v.), Iver Gammelsæther IJsermanns og Peder Sundl Utne, saman med juryen Bente Marie Sjo, Gaute Lund og Eva Refvik.

Løyste framtidas utfordringar med SMARTare Teknologi

Onsdag var det klart for kommunekåring i SMARTare Teknologi, der elevar i Kvinnherad kommune løyste framtidas utfordringar.

SMARTare Teknologi er eit undervisningsopplegg for mellomtrinnet, kor elevane får bruka sin kreativitet og kunnskap til å finna løysningar på reelle samfunnsutfordringar. Teknologi er middelet, men målet er å skapa gode og berekraftige samfunn å leva i.

Gjennom ein styrt kreativ prosess får elevane moglegheit til å utvikla ferdigheiter som samarbeid, kritisk tenking, kommunikasjon og teknologiforståing. Programmet styrker meistringsfølelse og sjølvtillit, samtidig som det viser elevane at dei kan være med på å skapa endring.

SMARTare Teknologi blir gjennomført som ein SMARTcamp over to skuledagar, der elevane jobbar i grupper og presenterer sine løysningar for ein skulejury. Den beste løysninga går videre til kommunekåringa, kor dei konkurrerer om ein plass i fylkesfinalen.

Juryen vurderte alle bidraga nøye.

I Kvinnherad deltok det tre skular i år; Uskedalen, Omvikdalen og Malmanger skular. Til saman har 66 elevar på 6. og 7. trinn jobba med SMARTare Teknologi dette skuleåret.

Problemstilling for Kvinnherad

I år har elevane i Kvinnherad kommune fått utfordringa frå BMI Installasjon:

«Korleis kan smarthusteknologi sørga for at alle aldersgrupper som skal bu i Domusgaarden, få det dei treng for å ha det bra?»

– Målet er å finne berekraftige og kreative løysningar som kan være med på å forme framtida. Kanskje er løysninga ikkje mogleg i dag, men kan bli verkelegheit om 50 år, kommenterer Sara Tokheim (Odda) og Axel Fagerbakke (Bergen) frå Ungt Entrenørskap Vestland.

Sara Tokheim (Odda) og Axel Fagerbakke (Bergen) frå Ungt Entrenørskap Vestland.

Sara Tokheim (Odda) og Axel Fagerbakke (Bergen) frå Ungt Entrenørskap Vestland.

Løysingane blei vurderte av ein jury beståande av Bente Marie Sjo frå Kvinnherad Næringsservice, Gaute Lund frå iTeam og Eva Refvik frå opplæringsavdelinga i Kvinnherad Kommune.

 

Kommunevinnaren

Ei gruppe frå Malmanger skule med Peder, Iver og Vemund gjekk av med sigeren.

– Heilheita, altså både gode miljøløysingar, innovasjon og fellesløysingar. Bildeling. Me ser at dette er ei gruppe som har jobba saman. Kjernen er smarte løysingar, og det hadde desse, grunngav juryen i etterkant.

Ei gruppe frå Omvikdalen tok andreplassen.

«Gruppa sitt svar dekker godt alle sider av oppgåva, dei scorar på alle områda som vi bedømmer. Svaret viser at gruppa har halde seg til problemstillinga og prosjektet. Det er fleire smarte løysingar, og dei viser god forståing for naturfag og teknologi.

Kommunestyresalen tøste med elevar og smarte prosjekt.

Kommunestyresalen tøste med elevar og smarte prosjekt.

Det er mange gode fellesløysingar og fellesareal, ute og inne, og gode miljøløysingar. Blant dei er bildeling, solceller og vindturbin. Gruppa hadde ein flott modell og ein god presentasjon, der dei brukte modellen veldig bra.

– Det er veldig kjekt å ha prosjektet. Me håper alle skulane blir med til neste år, og det er kjekt å få det til, for mykje læring for elevane. Me takkar kommunen for at me får vera her, og at dei stiller med jury. Kommunen og næringsliv stiller opp, og me er takksame for at juryen ser elevane på slikt vis. Det er ekstra kjekt når elevane kan imponera dei vaksne, og dette er ein arena der me får sett kva elevane jobbar med. Elevane møter andre vaksne som er interesserte i det dei gjer, forklarer Tokheim.

Berre i Vestland er 2500 elevar med i Smartare Teknologi.

Alle elevane fekk presentert sitt prosjekt for juryen.

Alle elevane fekk presentert sitt prosjekt for juryen.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?