Transformatorstasjonen i Matre.

Transformatorstasjonen i Matre.

Varsel om stiknings- og målearbeid langs kraftlinjetrasé

Statnett kjem til å helikopter og terrengkøyretøy langs planlagt linjetrasé i arbeidet med å førebu det vidare arbeidet.

Statnett har sendt melding til NVE om planlagt kraftleidning på Ny 420 kV-forbindelse på strekninga Sauda-Blåfalli-Samnanger.

No varslar Statnett at dei som eit ledd i planprosessen vil utførta landmålingsarbeid i felt frå i år og videre i planfasen av prosjektet. Arbeidet vil bli utført av Statnett.

– Enkelte stadar vil det bli plassert raude stikk i terrenget. I samband med arbeidet vil det bli aktuelt å nytta helikopter og terrengkøyretøy, men det vil bli tatt kontakt med grunneigarar i den grad den enkelte eigendomen blir råka av motorisert ferdsel. Skulle det oppstå skade eller ulemper for dei råka knytt til dette arbeidet, vil dette bli utbetra/erstatta, varslar Statnett i ein e-post til Kvinnherad kommune.

Stiknings – og landmålearbeidet skjer med heimel i Lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova) av 01.01.2010, §§41,43 og i matrikkelforskrifta § 64.

Eventuelle spørsmål om dette arbeidet kan rettast til Tore Kim Lunde, grunn- og rettighet, tlf. 91 34 07 16, eller Hallgeir Juklestad, traséplanleggjar, tlf. 48 09 80 43.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay