
Vatnet har flauma over fylkevegen i Uskedalen, men vegen skal vera open no. (Foto: Mesta)
Statusoppdatering for vegane i Kvinnherad
Torsdag morgon var dette status for dei stengte vegane i Kvinnherad.
– Eg skal ikkje seia at eg har heile oversikten, men kartet til vegvesenet skal vera oppdatert, spesielt på det som går på fylkesvegane, opplyser Adrian Molund Kråkevik i Vestland fylkeskommune torsdag morgon.
Det nemnde kartet viser at vegen mellom Austrepollen og Nordrepollen er stengt.
Kartet finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
– Det fløymer over ved kanalen på Gjerde i Austrepollen, men det er passasje for trafikken. Tidleg torsdag var Fv 5038 i Uskedalen stengt, grunna flaum, men der passerer trafikken no, påpeikar Molund Kråkevik.
Trafikkavdelinga til Kvinnherad kommune har hatt eit travelt døger.
– Det har vore mykje vatn ved Rosendal Fjordhotel og me har fått rapport om at vatnet har grove under vegar på Varaldsøy. Me har nok ikkje den komplette oversikten enno. Det er verd å lytta til oppmodinga til Statens vegvesen onsdag kveld om å ikkje køyra meir enn ein må. Det kan like gjerne sleppa ras i dag som i går, når det er så vassmetta som det er i terrenget no, åtvarar einingsleiar for veg i Kvinnherad kommune Terje Natland.
Sist oppdatert