
Situasjonar som denne ved Oaldskår på rv. 13 er Staten vegvesen redd for fleire av. Køyrande blir difor oppmoda til å grundig vurdera om turen er naudsynt no. Foto: Statens vegevsen
Vurder om du må køyra!
Statsforvaltaren melder at tilhøva på vegane har forverra seg utover ettermiddagen, og at køyrande må vurdera om det er naudsynt å ferdast på vegane.
– På vegnettet har konsekvensane av uvêret forverra seg sterkt ut over ettermiddagen og kvelden. Det er veldig mange vegar som no er stengt på grunn av skred og flaum. Det vert og vurdert stenging av fleire strekningar. Vegvesenet har sendt ut ei pressemelding med ei sterk oppmoding til publikum om ikkje å ta seg ut på vegen i kveld, melder fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand etter eit møte med Statens vegvesen og fylkeskommunane i Vestland og Rogaland.
Statens vegvesen har lagt ut ei pressemelding med grundig informasjon, som kan lesast via denne lenka: Uvêret på Vestlandet: Vurder om du må køyre! | Statens vegvesen Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert