Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform
Skjermdump frå vegvesen.no

Skjermdump frå vegvesen.no.

Stengde vegar i Kvinnherad

Onsdag morgon er to Kvinnherad-vegar stengde. På ettermiddagen stengde den tredje.

I 06.40-tida onsdag morgon vart det rapportert om steinras på vegen mellom Nordrepollen og Austrepollen. Som ein konsekvens er Fv 49 stengt inntil vidare.

I åttetida vart det rapportert inn at flaum stengjer vegen ved Døssland i Uskedalen.

I 1430-tida onsdag vart det avgjort at Brekkevegen i Åkra stengt av Kvinnherad kommune.

– Det er uråd å vita kva som er trygt og ikkje, og difor stengjer me no, opplyser vegsjef i Kvinnherad kommune Terje Natland.

Han slår også fast at det er Åkra i stor grad som før den verste nedbøren i Kvinnherad. Tidlegare på onsdag opplyste Meteorologisk Institutt i beredskapsmøtet til Statsforvaltaren at det var Skare i Ullensvang, ikkje langt frå Åkra i luftlinje, som hadde mest nedbør siste 24 timar.

Dersom ein har observasjonar eller spørsmål, kan den kommunale vakttelefonen nåast på 99 08 05 39.

Beste måten til å halda seg oppdatert på vegsituasjonen til ei kvar tid, er å følgja nettsida til Statens vegvesen sine vegmeldingar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Kommunen stengjer no Brekkevegen. (foto: privat)

Kommunen stengjer no Brekkevegen. (Foto: privat)

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?