Det er lite snø i Fjellhaugen allereie. I løpet av dei neste to døgera er det venta at det blir snøsmelting opp mot 2000 meters høgde. (Skjermdump frå Fjellhaugen Skisenter)
Raudt farenivå for snøskred – oransje for jord-, sørpe- og flaumskred
Sjølv om det er syltynt med snø i Kvinnherad, varslar varsom.no om raudt nivå for snøskred. Jord-, sørpe- og flaumskred er det oransje nivå på.
Ein kan halda seg oppdatert på utviklinga inne på varsom.no. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Ein kan også halda seg oppdatert på Vegvesen trafikk | Trafikkmeldinger, webkamera og ruteplanlegger. Lenke til et annet nettsted.
Statsforvaltaren sin beredskapsavdeling hadde tysdag møte med kommunane i Vestland, samt utvalde kommunar nord i Rogaland og vest i Buskerud. Det er store nedbørsmengder på veg, og deler av Kvinnherad ligg inne i området med oransje farevarsel på nedbøren.
- Det er allereie mykje vatn i bakken, og det nye regnet vil gjera elvene større, noko som i tur aukar faren for jord-, sørpe-, flaumskred. Dette er eit varsel me sjeldan sender ut, så dette skal takast på alvor, opplyste NVE.
Vêret vil pressa snøgrensa frå kring 1000 moh opp mot 2000 moh, så det blir mykje snøsmelting, opplyste Meteorologisk Institutt i møtet. Det verste vêret er venta å gje seg natt til torsdag.
Sist oppdatert