Onsdag 5. mars kl. 1030 til 1300 blir det kommunekåring i Smartare teknologi i kommunestyresalen. Her frå skulekåringa ved Malmanger skule i februar. (Foto: Lise C. C. Sætrevik)

Onsdag 5. mars kl. 1030 til 1300 blir det kommunekåring i Smartare teknologi i kommunestyresalen. Her frå skulekåringa ved Malmanger skule i februar. (Foto: Lise C. C. Sætrevik)

Skulane i Kvinnherad deltek på SMART

Elevar frå Kvinnherad er med på eit spennande prosjekt i regi av Ungt Entreprenørskap. SMART er eit undervisningsopplegg som skal utvikla kreativitet og skaparglede hos barn og unge.

Onsdag 5. mars kl. 10.30-13.00 vert det arrangert kommunekåring for SMARTere Teknologi i kommunestyresalen. Her skal elevar frå Uskedalen, Omvikdalen og Malmanger skular i Kvinnherad presentere sine kreative og berekraftige løysingar på ei utfordring frå BMI Installasjon.

Prosjektet er eit døme på korleis skulane samarbeider med lokalt næringsliv for å gjere undervisninga meir praktisk og relevant. Elevane får verdifull erfaring med å løyse verkelege problem og utvikle nye idear.

Det vert spanande å sjå kva løysingar elevane har kome fram til for å møte utfordringa frå BMI Installasjon.

Interesserte er velkomne til å kome og sjå kva dei unge entreprenørane har funne på!

Her kan du sjå oppgåva elevane har jobba med Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay