Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform
Kvinnherad kommune har til ei kvar tid trong for støttekontaktar og det er difor alltid høve å ta kontakt med oss dersom du kan tenke deg å vere støttekontakt.

Kvinnherad kommune har til ei kvar tid trong for støttekontaktar og det er difor alltid høve å ta kontakt med oss dersom du kan tenke deg å vere støttekontakt.

Kvinnherad treng fleire støttekontaktar

Kvinnherad kommune har til ei kvar tid trong for støttekontaktar og det er difor alltid høve å ta kontakt med oss dersom du kan tenke deg å vere støttekontakt.

Per i dag er det særskilt desse personane som treng hjelp og støtte til gjennomføring av aktivitet som er viktig for deira helse og livskvalitet:

  • Eldre mann busett i Halsnøyområdet. Treng bistand til sosial kontakt og deltaking i aktivitetar. Oppdraget er på 2 timar per veke.
  • Mann i 30 åra, busett i Husnesområdet. Treng bistand til sosial kontakt og deltaking i fritidsaktivitetar som båt og fiske. Oppdraget er på 4 timar per veke.
  • Mann i 50 åra busett i Husnesområdet. Treng bistand til gjennomføring av trening til faste tider. Bør har førarkort for bil. Oppdraget er på 3-5 timar per veke.
  • Kvinne i 40 åra busett i Husnesområdet. Treng støtte ved aktivitetar utafor heimen som trening på treningssenter og gåturar. Oppdraget er på 2 timar per veke.
  • Mann i 40 åra busett i Rosendal-området. Treng bistand til sosial kontakt og aktivitetar utafor heimen som fjelltur, kafébesøk og køyreturar. Oppdraget er på 4 timar per veke.
  • Dame i 70 åra busett i Husnesområdet. Treng bistand til sosial kontakt og aktivitet utanfor heimen som deltaking på «Syng med oss» og køyreturar. Oppdraget er på 3 timar per veke.

Timane kan hovudsakleg nyttast fleksibelt veke for veke i samarbeid med tenestemottakar.

Oppdraga har for 2025 godtgjering på kr 210kr per time. Oppdragstakar får køyregodtgjersle og refusjon av utgifter til aktivitet etter avtale.

Dersom dette er av interesse kan du sende inn søknadsskjema som du finn på heimesida, eller ta direkte kontakt med Aktiv Fritid. Meir informasjon om tenesta er å finne på heimesidene til Kvinnherad kommune: Aktiv Fritid Lenke til et annet nettsted. eller ta kontakt på tlf. 95301132.

Håpar å høyra frå deg!

Aktiv Fritid logo

Aktiv Fritid logo

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?