
Åtvarer om usikker is
Statkraft varslar om farleg is på regulerte vatn og vassdrag
som er påverka av reguleringa.
Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, Hardanger. Spesielt gjeld dette rundt inntak, i kanalar og ved inn- og utløp av overføringstunellar, melder Statkraft i ei åtvaring.
Varierande vasstand fører generelt til svak is langs land. Ved låg magasinfylling og ved nedtapping av magasin, kan det vera fare for ras av isblokker, og at isen langs land vil sprekka.
Desse sprekkene er ofte gøymde av eit snølag, og det må difor utøvast stor aktsemd ved passering inn og ut på isen. Dei viser til iskart.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. hos NVE, der du finn meir opplysningar om ulike områder.
Det er òg meir info henta i denne pdf-en frå Statkraft. Pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert