
Fungerande ordførar Thea Vaage (t.v.), Guri Finne Sognnæs i vegforvaltinga til Vestland fylkeskommune, Knut Olav Røssland Nestås frå Trygg Trafikk, koordinator Kristian Helgesen og Elin Agdestein Grav frå Trygg Trafikk feira den gjenoppfriska statusen til Kvinnherad kommue som trafikksikker kommune.
Resertifisert som trafikksikker kommune
– Det er dine eigne haldningar i trafikken du kan gjera noko med, og dei har du med deg uansett kor du går, enten du er i trafikken i Kvinnherad, Bergen eller på Sicilia på ferie, sa Elin Agdestein Grav frå Trygg Trafikk i kommunestyresalen måndag.
Sitatet stammar frå møtet som ho og Knut Olav Røssland Nestås – også frå Trygg Trafikk – gjennomførte med eit breitt utval av representantar frå Kvinnherad kommune.
Formålet med møtet var å få Kvinnherad resertifisert som trafikksikker kommune. På vegen dit har Kvinnherad kommune sendt frå seg dokumentasjon som fekk fram stjerner i augo til Agdestein Gran.
– Eg er storleg imponert over det eg har fått av dokumentasjon frå barnehagane, sa ho då ho gjekk gjennom ulike delar trafikksikringsarbeidet i kommunen.
Styrar i Undarheim barnehage Åsta Johnsen parerte skryten på slik:
– Barnehagen er plassert i eit trafikkert område, så me har fokus på det. Me har også fokus på det på foreldremøte, og barna er generelt sikra betre i setet no enn før. Me har rutinar når me er ute på tur, og får lært opp barna gjennom det, oppsummerte ho kjapt.

– Eg forstår de dokumenterer via Visma, og opererer med samtykkeskjema viss ein skal køyra i privat bil, samt at rutinane ligg i Compilo (kvalitetssystemet Kvinnherad kommune bruker), utdjupa ei nøgd Agdestein Grav.
Rektor ved Valen skule Frode Gaasdal peika på at det er stor forskjell på korleis skulevegen ser ut for elevar.
– Det er mykje skulebussbruk ved Valen, trass i at det er godt med fortau og gang- og sykkelveg i bygda, for me har elevar med lang skuleveg. Me minner om køyremønster rundt skulen på alle foreldremøte, og stiller med forventningar til dei føresette, forklarte Gaasdal.
Trygg Trafikk skrytte over systematisk og god jobb hos oppvekstsektoren, men det er ikkje berre der medvitet er stort. Heimetenestene har tilsette i bil døgeret rundt. Det gjer dei målbart på godt vis.
– Me har ikkje hatt personskadar i heimetenestene eller noko påkøyrsle av hjort, så dei tilsette set si ære i å køyra oppmerksamt og varsamt, forklarte sektorleiar Åslaug Brende.

Kristian Helgesen (t.v.), Elin Agdestein Grav, Thea Vaage og Knut Olav Røssland Nestås tok runden og la att litt ros på frontruta til dei som rygga seg på plass på parkeringsplassen.
I samband med sjølve regodkjenningsmøtet er det eit krav at heile kommunen si leiargruppe er til stades, og det er ønskeleg at folkehelsekoordinator, ordførar, ein rektor, ein styrar, leiande helsesjukepleiar, kommuneoverlege og hovudverneombod er til stades. I praksis alle desse stilte i møtet.
Frå Kvinnherad si side har Kristian Helgesen vore koordinator for re-godkjenninga. Arbeidet for å koma i mål har mellom anna involvert evaluering av tiltaksdelen av kommunen sin trafikktryggingsplan, gjeldande trafikktryggingsplan og gjeldande årsplan og rutinar for turar frå dei to barnehagane og skulane som var trekt ut til å gjennomføra spørjeundersøkinga.
På alt dette leverte Kvinnherad kommune svært godt.
– Tusen takk for samarbeidet. Kvinnherad kommune er ein av spydspissane i trafikksamarbeidet i Vestland. Utviklinga de har hatt sidan førstegongsgodkjenninga er enormt god, rosa Knut Olav Røssland Nestås
Klistremerke med nye årstal, som viser at ein er godkjent for tre nye år som trafikksikker kommune.
Koordinator for re-godkjenninga Kristian Helgesen fekk æra av å runda av den offisielle delen av møtet og takka for Trygg Trafikk sitt arbeid. Etter velfortent kakefeiring strauk dei to Trygg Trafikk-representantane, fungerande ordførar Thea Vaage og koordinator for re-godkjenninga Kristian Helgesen på dør.
Første stopp var å oppdatera årstala på Trafikksikker kommune-plaketten, før kvartetten gjekk ut på parkeringsplassen for festa ein oppmuntrande lapp under vindaugsviskaren til bilar som hadde rygga seg på plass denne dagen.

Å rygga på plass er trygg trafikk i praksis, påpeikar Elin Agdestein Grav i Trygg Trafikk.
Sist oppdatert