
Kvinnherad kommune søkjer etter ein trygg og omsorgsfull støttefamilie til jente 15 år med interesse for volleyball og hest.Foto: Pixabay.com
Søkjer støttefamilie til ungdom 15 år
Kvinnherad kommune søkjer etter ein trygg og omsorgsfull støttefamilie til jente 15 år. Ungdommen har interesse for volleyball og hest. Ungdommen er glad i å vera saman med andre barn.
Vi ser etter ein familie som har tid og ressursar til å gi ho stabilitet, omsorg og oppmuntring i kvardagen. Det er viktig at familien er tolmodige og forståingsfulle.
Ein ynskjer ein støttefamilie som har kapasitet til å ha jenta inntil 50%, men ta gjerne kontakt dersom de har kapasitet i mindre grad også.
Vi søkjer etter ein person/familie som:
- Helst er over 25 år.
- Kan ha ungdommen heime hjå seg opp til 50% av tida (vi ser for oss annakvar veke, men andre alternativ er mogelege).
- Kan tilby faste rutinar og rammer.
- Kan tilby kjekke opplevingar.
- Det er ynskjeleg med nokon som bur på Halsnøy, Sunde, Valen, Husnes, Herøysund eller Uskedalen, men det er mogeleg for andre plassar òg.
- Familiar/personar med barn eller utan barn.
Det er ynskjeleg, men ikkje eit krav om at personen, har erfaring/utdanning knytt til ungdom/omsorgstenester/skule.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale på telefon 40 43 23 47.
Sist oppdatert