
Kvinnherad kommune arrangerer demensskule for pårørande, med oppstart 5. mars.
Arrangerer pårørandekurs om demens
Pårørandekurset har oppstart 5. mars og er for deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.
Personen med demens kan bu heime eller på institusjon.
Kurset er onsdag, 5. 12. 19. og 26. mars
Stad, Kvinnherad vekst sine lokale frå kl.17.00 – kl. 20.00.
Tema i kurset er sjukdomslæra, tilbod til pårørande og personar med demens, pårørande sin oppleving og meistring, framtidsfullmakt/ vergemål og kommunikasjon. Kurskvelden avsluttast med gruppesamtale som vert leia av helsepersonell.
Her vil du få møta andre i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Kurset er gratis.
Påmelding til hukommelses.teamet@kvinnherad.kommune.no
eller SMS til 91757194, innan torsdag 27.februar 2025.
Sist oppdatert