Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform
Elevane ved Uskedalen skule fekk mellom anna sjå stjernebiletet Orion. (Foto: Silje Øye)

Elevane ved Uskedalen skule fekk mellom anna sjå stjernebiletet Orion, med karakteristiske Orions Belte som tre stjerne på rad midt i stjernebildet. (Foto: Silje Øye)

Stjernekveld i Uskedalen

Ein lærerik temaperiode blei krona med ei flott kveldsstund stund ved Fjellandsbøvatnet.

3.- og 4.klassen ved Uskedalen skule har den siste tida arbeidd med Solsystemet, planetane og verdsrommet som tema. Dei har mellom anna laga alle planetane i solsystemet vårt, skrive faktatekstar om desse, og lært namna på dei ulike stjernebileta vi finn på himmelen, og leita etter sine eigne stjerneteikn.

Tysdag kveld arrangerte dei stjernekikkekveld ved Fjellandsbøvatnet. Her vart, i tillegg til føresette i 3.- og 4.klassenElevane ved Uskedalen skule fekk mellom anna sjå stjernebiletet Orion. (Foto: Silje Øye), alle elevane i 5.klassen invitert, sidan dei ikkje fekk gjennomført ein slik kveld sist år. På formiddagen baka elevane rundstykke, som dei seinare smurde på, slik at alle elevane fekk kvar sine som kveldsmat. I tillegg vart det fyrt i bålet, slik at dei som ville kunne grilla seg pølser.

Kveldsturen blei endå betre med pølser grilla på bådet. (Foto: Silje Øye)

Kveldsturen blei endå betre med pølser grilla på bådet. (Foto: Silje Øye)

Vi hadde med eit par stjernekikkertar som vart nytta flittig, men like bra vart det når mørket seig på og dei ulike stjernebileta og planetane vart klarare og synlegare. Kvelden vart avslutta med at vi fekk oppleva at månen lyste opp fjellsida på motsett sida av vatnet, før den steig sakt opp over Gråfjell.

Ein lærerik temaperiode fekk ei strålande avslutning rundt det flotte Fjellandsbøvatnet denne kvelden.

Kvelden blei brukt ved Fjellandsbøvatnet, på ein stjerneklar tysdagskveld. (Foto: Silje Øye)

Kvelden blei brukt ved Fjellandsbøvatnet, på ein stjerneklar tysdagskveld. (Foto: Silje Øye)

Månen var med som følgjesven denne stjerneklare kvelden. (Foto: Silje Øye)

Månen var med som følgjesven denne stjerneklare kvelden. (Foto: Silje Øye)

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?