Foto: Pixabay

Foto: Pixabay.com

Kvinnherad kommune ser eit auka behov for fritidskontaktar.

Har du litt ekstra tid og ressursar til å bruke på eit barn eller ein ungdom?

Dersom du finn glede i å skapa gode augeblikk som kan bidra til at nokon vil kjenna på meistring og inkludering, så er kanskje nettopp du den rette til å vere fritidskontakt?

Som fritidskontakt får du i kombinasjon med eit fast løna oppdrag, vere med på å skapa grobotn for auka kontinuitet og struktur i kvardagen for barn og unge.

Samtidig som du vert ei viktig brikke i barnet eller ungdommen sitt fritidstilbod, vil du også spele ei tydeleg rolle i å bistå med relasjon og nettverksbygging.

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?