Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform
Kokevarsel på drikkevatnet i Rosendal og Omvikdalen

Kokevarsel på drikkevatnet frå Rosendal

På grunn av utfordringar i Hattebergsdalen vassverk må ein tilsetja litt klor i drikkevatnet.

Dette melder eining for vatn og avløp i Kvinnherad kommune.

- Det vert difor innført kokevarsel som "føre var" prinsipp, fram til me har fått tatt vassprøvar på nettet i neste veke. Dette gjeld for ROV og kommunale abonnentar i Rosendal/Omvikdalen og Årsnes med tilstøtande områder, melder eining for vatn og avløp.

Vatnet bør fosskoka i minimum eit minutt. Du finn meir informasjon om kokevarsel og kva du kan nytta vatnet til på vår heimeside under vasskvalitet. Varselet gjeld fram til ny melding vert sendt ut.

Kart over vassverka med kvalitetsvurdering Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?