Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform
Skjermdump av eigedomsskattelista 

Eigedomsskatt: Kunngjering om skatteliste til offentleg ettersyn 2025

Eigedomsskattekontoret legg ut skatteliste til offentleg ettersyn for skatteåret 2025.

Eigedomsskattekontoret kunngjer her eigedomsskatteliste (hovudliste) der alle skattlagde faste eigedomar i kommunen er førd opp, verdet deira, kva for skattesatsar som er nytta og kor stor den utskrivne skatten for kvar eigedom er.

Ei fysisk utgåve av skattelista er også lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset i Rosendal.

Eigarane (skattytarane) får tilsendt skattesetel.

Skattytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt.

Skatteliste for 2025 Pdf, 132 kB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?