Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform
Barnehagebard

Bli barnehagelærar i Kvinnherad!

Hausten 2025 startar det opp arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning i regionen vår, med studiestad mellom anna i Odda.

Utdanninga er i regi av Hardanger, Voss og Kvinnherad Studiesenter, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

  • Utdanninga har ei varigheit på fire år, og er ei deltidsutdanning med eit omfang på 75%.
  • Studiet er nett- og samlingsbasert.
  • Studenten har praksis kvart år i løpet av studiet. Praksisen vert lagt til ein godkjend barnehage i nærleiken av der du bur, om mogleg.

Her finn du meir informasjon om studietilbodet:

HVL- Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

HVK - arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Ta gjerne kontakt med Sofie Torlei Olsen ved Hardanger-Voss-Kvinnherad studiesenter for meir informasjon. Mobil: 97 53 73 58.

Dersom du er fast tilsett i kommunen, og allereie arbeider i ein kommunal barnehage, eller tilsvarande arbeidsinstitusjon med ansvar for barn i alderen 0-8 år, kan du søkja kommunalt tilskot til å gjennomføra utdanninga.

Meir informasjon om dette kjem.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?