Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform
Til slutt delte konferansier og ordførar Vegard Bjørnevik ut tilflyttarprisen på 10.000 kroner. Den heldige uttrekte var Bjørnar Hellesund med familie, som har flytta til Halsnøy frå Stord.

Konferansier og ordførar Vegard Bjørnevik ut tilflyttarprisen på 10.000 kronertil Bjørnar Hellesund med familie, som flytta til Halsnøy frå Stord i 2024.

70 møtte på tilflyttarsamlinga – familien Hellesund vann prisen

Over 300 tilflyttarar var inviterte til samlinga i Kulturhuset Husnes, og 70 av dei stilte i til ei feststund i Festsalen.

Under leiing av ordførar Vegard Bjørnevik vart dei frammøtte tilflyttarane gjort stas på då Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice skipa til den årvisse tilflyttarsamlinga onsdag kveld.

Samlinga er eit kjærkome høve for dei frammøtte til å bli litt betre kjente med Kvinnherad, og det er eit tilsvarande godt høve for ulike arrangørar til å visa seg fram for potensielle nye brukarar.

Biblioteket, Frivilligsentralane, Bua, Il Trio og Kvinnherad fotoklubb fekk alle scenetid til å fortelja om sine aktivitetar og tilbod.

13 år gamle Sehrii Tsykhmistro  frå Ukraina framførte ein nydeleg song for dei frammøtte.

13 år gamle Sehrii Tsykhmistro frå Ukraina framførte ein nydeleg song for dei frammøtte.

I tillegg stod Sehrii Tsykhmistro (13 år) frå Ukraina for nydeleg song og lærar i kulturskulen Nikolay Balbekov framførte eit flott trommeinnslag.

Til slutt delte konferansier og ordførar Vegard Bjørnevik ut tilflyttarprisen på 10.000 kroner. Den heldige uttrekte var Bjørnar Hellesund med familie, som har flytta til Halsnøy frå Stord.

Kvinnherad kommune og Kvinnherad næringsservice takkar alle som kom!

Alle foto: Kvinnherad kommune

70 tilflyttarar møtte til samlinga i Festsalen.

70 ferske tilflyttarar møtte til samlinga i Festsalen onsdag kveld.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?