Illustrasjon-skjema

No er det tid for å senda inn omsetnadsoppgåve for 2024. (Illusrtasjon: Pixabay)

Innsending av omsetnadsoppgåve for 2024

I desse dagar vert det sendt ut brev til alle verksemder i Kvinnherad kommune som har eit fast skjenke- eller salsløyve. Meldinga gjeld informasjon om plikt til rapportering av liter alkohol som er selt/skjenka i 2024.

Avgifta som kommunen krev inn baserer seg på tala som kvar enkelt verksemd melder inn. Tal liter er også viktig fordi kommunen er pliktig å rapportera totalt omsette liter til Folkehelseinstituttet kvart år.

Satsar for 2024 ligg i alkoholforskrifta § 6-2. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Frist for innsending er så snart som mogleg, og seinast innan mars månad.

Verksemder vert oppmoda om å bruka skjema «Omsetnadsoppgåve for alkohol(KF-134)» Lenke til et annet nettsted. på heimesida til kommunen.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay