Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Tilflyttarsamling 29. januar

Til du som melde flytting til Kvinnherad i 2024: Velkomen til Kvinnherad og velkomen til tilflyttarsamlinga!

Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice har gleda av å invitera deg og dei andre i husstanden som har flytta med deg til ein triveleg ettermiddag i festsalen på Kulturhuset på Husnes.
Same kor i kommunen du har etablert deg vil du finna flott natur og eit rikt kulturliv. Du vil finna mange små bygder og lokalsamfunn og større bygder med sentrums-funksjonar som handel og service.
Håpar du har møtt og vil møta mange trivelege menneske her hos oss.
Tilflyttarsamlinga vert arrangert
29. januar 2025 - kl. 17.00 - 19.00 i Kulturhuset på Husnes
Også i 2025 vil vi dela ut tilflyttarprisen blant dei som deltek på samlinga. Dette gjer vi for å visa at vi set pris på at akkurat du har flytta til Kvinnherad.
Kva er tilflyttarprisen?
Prisen er på kr. 10.000,- og dei kan du bruka til kva du vil!
Dette skjer på tilflyttarsamlinga:
• Ordføraren kjem!
• Mange nye kvinnheringar kjem!
• Vi deler ut tilflyttarprisen på kr. 10.000,-!
• God mat!
• Kjekke innslag og oppvisningar!
• Informasjon om aktivitetstilbod og korleis det er å bu i Kvinnherad.
NB! Arrangementet føregår kun på norsk, så viss du treng tolk må du sjølv ha tolk med deg.
Vi håper du kjem!
Velkommen!

29. januar blir det tilflyttarsamling i Kulturhuset Husnes

29. januar blir det tilflyttarsamling i Kulturhuset Husnes

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?