Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform
Søknadsfrist for hovudopptaket er 15. februar. I hovudopptaket vert det tildelt plassar frå nytt barnehageår i 15. august 2025. (Foto: Pixabay)

Søknadsfrist for hovudopptaket er 15. februar. I hovudopptaket vert det tildelt plassar frå nytt barnehageår i 15. august 2025. (Foto: Pixabay)

Hovudopptak for barnehageplass komande barnehageår

Søknadsfrist for hovudopptaket er 15. februar.

Her søkjer du elektronisk: https://foresatt.visma.no/Kvinnherad Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

I hovudopptaket vert det tildelt plassar frå nytt barnehageår i 15. august 2025.

Kvinnherad kommune har samordna opptak for kommunale og private barnehagar.

For at barnet skal ha lovfesta rett til plass i hovudopptaket, må ein søkja innan fristen 15.02.2025. Følgjande kriteria må vera oppfylt:

  • Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass
  • Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til slik plass innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år
  • Barnet har rett til plass i den kommunen der det er busett, eller vert busett ved oppstart i barnehage
  • Søknad om plass må vera mottatt innan 15. Februar

Dersom det ikkje er plass i første eller andre prioritet, vil barnet få tilbod om plass i annan barnehage. Viser elles til Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Det enkelte barn har kun rett på éin barnehageplass. Det vil seia at når føresette til eit barn som har barnehageplass søkjer og tek imot plass i ein annan barnehage, så seier dei frå seg retten til vidare plass der barnet går frå den datoen det er teke imot plass i den nye barnehagen.

Slik føregår hovudopptaket

Kvinnherad kommune gjennomfører samordna opptak av barnehageplassar ved hovudopptaket kvart år, jf. barnehagelova § 17 og Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Kvinnherad kommune. Kommunen legg stor vekt på å innfri brukarane sine ønske og behov under sjølve opptaket, og organiserer det difor slik:

  1. Første tilbodsrunde:
    Barnehagestyrarane tilbyr plass til søkjarar som har deira barnehage som 1. prioritet, (nokre barnehagar får fylt opp alle dei ledige plassane i denne runden).
  2. Andre tilbodsrunde:
    Barnehagestyrarane tilbyr vidare plass til søkjarar som har deira barnehage som 1. prioritet (dette om nokon takka nei i første runde) og til søkjarar som har deira barnehage som 2. prioritet.
  3. Tredje tilbodsrunde:
    Barnehagestyrarane tilbyr vidare plass til søkjarar som har deira barnehage som 1., 2. prioritet, og så vidare.

Søkjarar som ikkje får tilbod i barnehagar dei har søkt i, vert tilbydd plass i barnehagar som ikkje har nok søkjarar til å fylla opp ledige plassar.

Ved tildeling av barnehageplass under hovudopptak skal barnehagane tildela plassane i tråd med prioriteringane som står i den enkelte barnehage sine vedtekter

Kommunen har oppfylt kravet om å gje tilbod til alle barn med rett til barnehageplass når barna har fått tilbod om barnehageplass i kommunen dei bur i. Rett til barnehageplass gjeld kun under opptaket. Unntaket er barn med nedsett funksjonsevne og barn det er fatta vedtak om etter barnevernslova. Desse barna skal ha prioritet ved supplerande opptak også.

Prioriterte plasser

Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester har etter Barnehagelova § 18 prioritet ved opptak til barnehage. Dette gjeld både ved hovudopptak og løpande opptak.

Retten til prioritet må dokumenterast av sakkunnig instans (PPT, barnevernet eller lege). Sakkunnig vurdering skal sendast til Kvinnherad kommune, Rosendalvegen 10 5457 Rosendal eller

Løpande opptak

Styrarane tildeler ledige barnehageplassar gjennom året.

Har du søkt om plass i løpet av året, men ikkje fått tilbod, treng du ikkje sende ny søknad til hovudopptaket.

Venteliste

Barnet står på venteliste til barnehagane du har valt når du får stadfesting på søknaden.

Søknader blir fjerna frå ventelista når:

  • du får tilbod om førsteval
  • du får tilbod om barnehageplass, og ikkje registrerer at du vil fortsetja å stå på ventelista til førsteval
  • du ikkje svarar på tilbodet om plass

Du kan takka ja til plass i barnehageval nummer to eller tre, og framleis kryssa av for å stå på ventelista til førstevalet. Søknaden blir då vurdert i løpande opptak.

Når søknaden er ferdig utfylt og sendt, får du ei stadfesting på e-post. Du får vidare melding om «Stadfesting av motteken barnehagesøknad» når kommunen har godkjent han.

Ta kontakt med barnehagemynde dersom de har vanskar med å få sendt inn søknad om plass. Signy.aarre.prestnes@kvinnherad.kommune.no

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?