Onsdag blir det test av nødvarsel

Onsdag 8. januar klokka 12 blir Nødvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvaret testa over hele Norge, i ein felles nasjonal varslingsprøve.
Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Varslingsprøven den 8. januar blir gjort over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar landet over vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.
Ein så omfattande varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spela av lyd samtidig. Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøven med dine næraste, slik at flest mogeleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.
Her finn du meir informasjon om nødvarseltesten: Test av Nødvarsel Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert