Kjekk respons på julemingel

Over 30 studentar og unge kvinnheringar fann vegen til Folgefonnsenteret då Kvinnherad kommune, Kvinnherad Næringsservice og eit knippe lokale bedrifter inviterte til førjulstreff.

For arrangørane var det svært gledeleg å sjå at Folgefonnsenteret vart i minste laget når ungdommar og utstillarbedrifter skulle setja kvarandre i stemne. 

Ordførar Vegard Bjørnevik tok seg av innleiinga, og fortalte mellom anna om kor variert næringsliv Kvinnherad byr på. Kvinnherad Næringsservice og deira satsing KNS Ung fortalte om sine planar og ønske, og Marianne Helvik fekk fortelja litt om korleis det var å flytta heim til Kvinnherad og samstundes behalda arbeidsplassen sin utanfor kommunen. 

Iteam, Norconsult, Wattn, Palfinger Marime, Hydro Husnes, Ølve Industrier, Sunnhordland Kraftlag og Kvinnherad kommune nytta høvet til å visa seg fram for studentane. Ungdommane let vel over tiltaket, og det er brei semje om at dette må bli ein førjulstradisjon. 


Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay