Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Trippelheider på Gry-Helges

Tysdag vart det gjort ære på tre verdige vinnarar frå tre ulike felt. 

Frivilligprisen for 2024 vart overrekt til vinnaren Otto Kolaas av ordførar Vegard Bjørnevik. Kolaas hadde med seg ein stolt familie på utdelingsseanse. 

Otto Kolaas fekk frivilligprisen av ordførar Vegard Bjørnevik (Foto: Veronica T. Thorsen)

 


Kulturprisvinnaren Omvikdalen Bygdekvinnelag stilte i bunad, eit stasplagg som har hamna på UNESCOs verdsarvliste. Omvikdelingane har medlemmer frå heile kommunen, og vart kåra til årets lokallag i Norge i 2018. Prisen vart delt ut av leiar av levekårsutvalet Inger-Elin Nesheim til lagsleiar Esther Falk.

Den siste heideren som vart delt ut i seansen hos Gry-Helges var kulturstipendet på 50.000 kroner, som Kvinnherad kommune deler ut saman med SKL og Sparebanken Vest. Stipendet gjekk til Chistian Meaas Svendsen, og vart overrekt av rådgjevar på kultur Kristian Helgesen. Meaas Svendsen bidrog med eit musikalsk innslag på ei japansk bambusfløyte i samband med overrekkinga. 

Ei bunadskledd Esther Falk fekk overlevert heidersteiknet “Dråpen” av leiar for levekårsutvalet Inger-Elin Nesheim. (Foto: Veronica T. Thorsen)
Chistian Meaas Svendsen fekk kulturstipend overrekt av rådgjevar på kultur Kristian Helgesen. (Foto: Veronica T. Thorsen)


Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?