Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Nye telefontider på sjukeheimane og i heimetenesta

For å sikra at våre tilsette får meir tid til pasientnært arbeid, innfører vi no faste telefontider på sjukeheimane og i heimetenesta. 

Dei nye telefontidene vil vera:

• Kl. 12:00–14:00

Kl. 16:00–18:00

Dette tiltaket er ein del av vårt arbeid med å sikra at pleie- og omsorgstenestene våre held høg kvalitet, og prioriterer direkte oppfølging av bebuarar og brukarar.

Vi forstår at det kan oppstå situasjonar der det er behov for å kontakta avdelingane utanom telefontidene. I slike tilfelle ber vi om at det vert gjort avtale med tilsette på førehand, slik at vi kan tilpassa oss behova på best mogleg måte.

Vi håper på forståing for dette viktige tiltaket, og takkar for samarbeidet frå våre innbyggjarar.

Tryggleiksalarmar blir handterte som før. 

Telefonnummera ein når dei ulike avdelingane på blir då:

  • Heimetenester: 94 00 10 03
  • Rosendalstunet: 53 47 59 20
  • Husnestunet: 53 46 17 00
  • Halsnøytunet: 53 46 15 00

Desse telefontidene/-nummera vil gjelda frå 02. januar 2025. 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?