Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Kvinnherad kulturstipend 2024 vert tildelt Christian Meaas Svendsen

Christian Meaas Svendsen er ein musikar med breitt nedslagsfelt, busett på Løfallstrand. 

Meaas Svendsen er mellom anna utøvande improvisasjonsmusikar, og får Kvinnherad kulturstipend for å utvikla seg på shakuhachi: eit tradisjonelt instrument innan japansk folkemusikk, med vesentleg andre kvalitetar enn hans hovudinstrument kontrabass. 

 Stipendet skal vera eit verkemiddel for personleg utvikling og kompetanseheving innan søkjaren sitt fag. Det skal òg stimulera til nyskaping og kreativitet. 

 Meaas Svendsen oppfyller statuttane som utøvar, og bidrar samstundes til eit rikare kulturfelt i Kvinnherad. Han har markert seg med stort engasjement for eit breitt felt av musikk og kultur i kommunen. Utanom si eiga utøving er han dirigent for Rosendal Songlag, han er instruktør, arrangerer festival og konsertar med meir. 

 I sin søknad skriv han mellom anna:

– Prosessen med å lære seg dette instrumentet vil gi meg et unikt referansepunkt å sammenligne både mitt eget og andres kunstnerskap fra. Inngående kunnskap om instrumentet og dets kulturelle og historiske sammenheng er ikke bare en enkeltstående kvalifikasjon, men også et bidrag til min generelle kompetanse som musiker, en brobygger mellom kulturer og en døråpner for nye kunstneriske samarbeid og prosjekter. 

 Stipendet er på 50.000 kroner, og er eit samarbeid mellom Sparebanken Vest, Sunnhordland kraftlag (SKL) og Kvinnherad kommune og vert delt ut 17. desember 2024.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?