Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Frivilligprisen til Otto Kolaas

I dag på frivilligheita sin dag vil me presentera vinnar av årets frivilligpris i Kvinnherad, Otto Kolaas!

Otto har vore frivillig gjennom heile livet og har delteke i stort og smått. Han er, i ein alder av 83, framleis frivillig som ein del av «onsdagsgjengen» i IL Trio. 

Sjølv om det ikkje er like kalde vintrar lenger, er det er særs mange som hugsar Otto for skøytebanane på Opsangervatnet. Kvar vinter laga Otto m/fleire skøytebane på isen, han var òg formann i skeisegruppa i Trio i mange år. I tillegg sat han i styret for Hordaland skøytekrets.

Det var mange klubbmeisterskap, Sunnhordlandsmeisterskap og Vestlandsmeisterskap som blei arrangert på Opsangervatnet på desse velpreparerte skeisebanane.

Otto har òg vore særs aktiv i dugnadsarbeidet til Trio i mange år. Otto har alltid vore sosial og lett å be når noko skulle gjerast. Han har i alle år vore praktikaren og førstevalet når nye prosjekt var i støypeskeia. Otto var sentral og drivkrafta i det meste av det store dugnadsløftet til Trio. Otto fekk folket med seg. Med sitt smittande humør vart oppmøtet stort på kvar dugnad. 

Otto alltid vore klar med eit JA når han blir spurt om å ta i eit tak, ikkje minst for Trio, men og for mange andre i bygdene. 

Otto er med fordi det er kjekt!

Me gratulerer Otto som vinnar av årets frivilligpris. Prisen vert dela ut av ordføraren på ein høgtideleg middag 17. desember.

 

Helsing Veronica T Thorsen

Kvinnherad frivilligsentral

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?