Omvikdalen Bygdekvinnelag får kulturprisen for 2024

Kvinnherad kommune sin kulturpris for 2024 vart tildelt Omvikdalen Bygdekvinnelag av eit samrøystes levekårsutval tysdag 3. desember.
I grunngjevinga til levekårsutvalet står det:
Laget sin trufaste innsats for å halda i hevd lokal kultur knytt til mat, bunad, tradisjonshandverk, bygdetradisjonar samt eit stort inkluderingsarbeid for nytilflytta kvinner.
Bygdekvinnene fungerer som tilretteleggjarar og lim ved ulike arrangement i lokalsamfunnet. Me ynskjer og løfta og anerkjenna arbeidet som bygdekvinnene over mange år har gjort for den lokale bygdekulturen.
Laget har fornya seg ved å ha fokus på gjenbruk, berekraft og har hatt medlemsvekst dei siste åra. Arbeidet deira har hausta nasjonal merksemd og påskjøning. Kvar månad nyt 36 barn og ti tilsette i Omvikdalen barnehage godt av bygdekvinnene sin heimelaga husmannskost, laga på reine råvarer og med kjærleik, servert med flid om omsorg.
Kvinnherad kommune gratulerer med velfortent pris.
Sist oppdatert