Kranseskål for den nye barneskulen

Tysdag var ein merkedag for bygginga av ny barneskule på Husnes. Flagget vart heist på høgaste punktet av bygningen, som ein nyss har ferdigstilt.
Det er lang tradisjon innan bygg- og anleggsbransjen som blei halden i hevd på Husnes denne tysdagen. Når det høgaste punktet på ein ny bygning er ferdigstilt, ofte kalla tett tak (tett bygg i denne samanheng), vert det feira med ein kranseskål, eller – som denne dagen – pizza. Feiringa har røter i gamle byggeskikkar, og blir sett på som ein viktig milepåle i byggeprosessen.

Det er byggherren som tradisjonelt viser si takksemd for arbeidet som er utført så langt, og Øystein Lie Sundal, som er fungerande prosjektleiar akkurat denne veka, nytta høvet under pizzafeiringa med skulebyggjarane til takka for eit godt samarbeid så langt i prosessen.
– Dette prosjektet stiller store krav teknisk og byggemessig, og det er omfattande planlegging og førebuing knytt til det, påpeika han.

Lie Sundal snakka om helse, miljø og tryggleik (HMT), og at det er eit lagarbeid.
– Det er viktig det å vera saman om dette fokuset. Ein vil ha folk trygt heim etter jobb, understreka han, og nytta høvet til å rosa Consto som totalentreprenør.
– Eg ber dykk vera stolte over det gode handverket de har utført så langt, skrytte Lie Sundal.

Sindre Handegard, prosjektleiar for Consto, heva brusboksen for ein skål for milepålen, og nytta samstundes høvet til å trekkja linjene for den lange tradisjon kranseskålen er.
– Det er 3. desember, og me har tett hus. Første spadetaket var 4. mars, arbeidet med grunnmur starta i juni, så dette har gått fort så langt, sa Handegard og rosa Br. Musland Maskin for framifrå grunnarbeid.

Consto har kring 35 tilsette i sving i arbeidet med skulen. Når dei byrjar på det innvendige arbeidet, reknar dei med å auka talet til 60-70.
Skulen skal takast i bruk om vel eit år, etter planen i januar/februar 2026.
Sist oppdatert