Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Tid for vassmålaravlesing

Abonnentar som har mekanisk vassmålar vil i desse dagar få SMS frå Kvinnherad kommune, der ein blir bedt om å lesa av vassmålaren.

Fristen for å svara på SMS er sett til 10.12.2024
NB! Hugs å sjekka at vassmålarnummeret stemmer når du les av, er det feil må du melda frå om dette.

For å registrera målarstanden svarar ein på SMS-en.
Skriv inn vassmålarstanden: berre heile tal, ikkje ta med raude tal eller tal bak komma.
Ikkje skriv inn tekst eller teikn som punktum eller liknande.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?