Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Tar Hatlestrand-elevar med på Norske Talenter-finalen

Kvinnherad kommune-tilsette Mauricio Weimar skal fredag kveld tevla i finalen på Norske Talenter. I finalenummeret tar han med seg marimba-elevar frå Hatlestrand. 


I runde etter runde har trommeslagar Mauricio Weimar sjarmert både dommarar og publikum. Fredag er det finale i Norske Talenter, og den populære og talentfulle brasilianaren tar uvanlege grep for å visa igjen på tv-skjermen. 

– Nummeret blir avslutta med marimbaspelarar frå Hatlestrand skule, avslører verksemdsleiar Lilli Britt Urheim.

Torsdag set elevane seg i bilar, og køyrer til Oslo saman med foreldre. Fredag blir det øving i Gateways Studios på Fornebu. Seinare på kvelden går sjølve finalen. Det skjer med foreldre i salen, og med elevane bak scenen til det står 40 sekund att av framføringa til Mauricio. 

–  Kor stas er dette?

– Veldig! Mauricio er ein så flink musikkpedagog, og når fram til alle. Han er mild og fin, men set samtidig krav til elevane. Det at dette er eit resultat av heildagsskulen, er også veldig kjekt. Det er ei fantastisk oppleving som ein får ut av denne måten å ha skuledagen sin på. Dette hadde ikkje skjedd utan heildagsskulen, seier Urheim om opplevinga som 6.-8. klasseelevane får vera med på. 

Elevane har hatt ulike framføringar før, som blant anna i Baroniet, men det er mogeleg at direktesending på riksdekkande tv er eit steg opp, sjølv for verdsvante Hatlestrand-elevar. (Foto: Lilli Britt Urheim)


Det er ikkje berre elevane som skal til Oslo. Dit skal også marimbaane som dei skal spela på. 

Norske Talenter dekker overnattinga for elevane frå torsdag til laurdag, og Lilli Britt Urheim blir med dei på øvinga fredag og bak scenen under framføringa til Mauricio. 

– Veldig ryddig og greitt oppfatta frå skulen. Me gler oss, rapporterer Urheim. 

For oss som er heime, er det berre å benka seg føre tv-en, tuna inn på TVNorge og stemma i veg, slik at me kan få ein kvinnhersk vinnar av Norske Talenter igjen, for første gong sidan Erlend Bratland vann i 2008.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?