Ungdomsrådet fekk opplæring

Torsdag 7. november 2024 fekk det nye ungdomsrådet ein full dag i rådhuset og kommunestyresalen.
Leiar Frøya S. Hatteberg hadde med seg 13 medlemmer i møtet, som var av omfattande karakter. På saklista stod opplæring i politisk arbeid, i budsjett og i kva dei ulike sektorane gjer.
Opplæringa baud også på rollespeling av den politiske behandlinga av bestillingstrasporten, populært kalla Hent meg-bussen, ei økt der spesielt ordførar Vegard Bjørnevik fekk spelt ut den vrange sida si.
Ungdomsrådet har tre fastsette møte kvart halvår, medan dette møtet var eit opplæringsmøte.
– Vanlegvis har me møte på eit par timar, og går gjennom vår eiga sakliste der. Dette er første halvåret til dette ungdomsrådet, difor har me fått ein slik dag som i dag til opplæring, forklarer leiar Frøya S. Hatteberg og nestleiar Tord S. Hatteberg.

Joda, dei er søsken, og sistnemnde var nestleiar i ungdomsrådet også for førre råd.
Frøya har ikkje vore i ungdomsrådet tidlegare, men vedgår at engasjementet til broren har smitta over.
På slutten av førre ungdomsrådsperiode var oppslutnaden rundt møta låg. Det blir delvis forklart med at ein tidlegare valte inn medlemmer i byrjinga på året, ikkje i byrjinga av skuleåret.
– Me har sett at blant anna tiandeklassingar som har blitt valt inn, har søkt seg ut av kommunen på vidaregåande, og dermed ikkje har kunne delta på hausten, fortel sekretær og koordinator for rådet Åse Eide.
Dei 14 medlemmene som var med på opplæringa er i utgangspunktet halvt om halvt faste og vararepresentantar. Med erfaringane frå førre periode friskt i minne, ynskjer Ungdomsrådet at alle 14 skal møta kvar gong, og ynskjer å få det inn i reglementet for rådet når det kjem opp til politisk behandling.

– Ungdomsrådet var merkbart betre promotert ut mot ungdommane denne gongen enn førre gong me vart valt inn, kommenterer Tord, som synest det er kjempegøy å gjera slikt arbeid som dette.
– Kva er det viktigaste de gjer?
– Me fremjar meininga til ungdommane så godt me klarer, samstundes som me er barn og viser til politikarane at det er det me er, og viser at me ser ting frå eit anna perspektiv enn dei, svarer Frøya.
Ungdomsrådsleiaren har allereie sendt inn uttalar på vegner av ungdomsrådet, og vil halda fram med det.
– Det er viktig å fremja ungdommane sine meiningar i alle saker. Me jobbar for å finna måtar for å få fram meiningane til alle ungdommane, ikkje berre til dei 14 som sit her. Difor jobbar me med å kopla på elevråda, og jobba strukturert for å få sakene ut til skulane , få dei behandla og tilbake til oss før me handsamar dei i møta til ungdomsrådet, sluttar Frøya S. Hatteberg.
Desse er med i ungdomsrådet 2024-2026:
Eirik Johan Arnevik (Øyatun)
Benedicte Kviteberg Emmerhoff (Øyatun)
Ebba Hermann-Fossli (Rosendal)
Kaylah Bermillo Stensletten (Rosendal)
Brynjar Sortland Olderkjær (Husnes)
Ingeborg Østvik Emmerhoff (Øyatun)
Alva Totland (Husnes)
Tilde Ølfarnes (Husnes)
Tobias Fredheim Sunde (Husnes)
Harald Vaage (Husnes)
Tord S. Hatteberg (Nestleiar, KVV)
Ammro Kordo (KVV)
Frøya S. Hatteberg (Leiar, KVV)
Bea Røssland-Telset (KVV)
Sist oppdatert