Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Amerikanske lærarstudentar på skulane

Kvinnherad kommune har i mange år hatt eit samarbeid med universitet i USA og tek imot lærarstudentar som har praksis på skulane i kommunen. 

Dette samarbeidet er til stor glede for elevane, som får praksis i å snakke engelsk. Og for tilsette som får sjå korleis nyutdanna lærarstudentar frå USA praktiserer yrket. No er Jenna Boring, Amari Ingram, Molly Mcneal og Tessa Miller frå Iowa State University i praksis på Øyatun ungdomsskule, Halsnøy skule, Husnes ungdomsskule og Undarheim skule.   

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?