Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Raudt nivå på farevarsel for regn, jord- og flaumskredfare i store delar av Vestland, inkludert i Kvinnherad

Ekstremvêret har fått namn Jakob, og er gjeldande frå natt til torsdag 31. oktober til fredag 1. november.

Kommunen ber om at alle held seg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen. Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elvelaup med stor vassføring. Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for grus, boss, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsaka skred. Unngå å køyra i overvatn, utan å vite kor djupt det er. Vurder nøye om reisa faktisk er nødvendig. Gjer heimen klar for eit potensielt lengre straumbrot.

Meterologisk Institutt har oppgradert farevarselet for regn for deler av fylket til raudt nivå.
Varsel fra Meteorologisk Institutt for Midtre og indre strøk av Vestland | Varsom.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

NVE har òg oppdatert sitt farevarsel for jord- og flaumskredfare for deler av fylket til raudt nivå:
Flom- og jordskredvarsel | Varsom.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kommunen oppmodar alle om å halda seg oppdatert på farevarsla på www.varsom.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?