Presentasjon av Budsjett 2025 – Handlings- og økonomiplan 2025 – 2028

I dag, tysdag 29. oktober kl. 12:00, presenterer kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen og økonomisjef Niels Jakob Erlingsson forslag til Budsjett 2025 – Handlings- og økonomiplan 2025 – 2028.
Utdrag frå kommunedirektøren si innleiing:
Det er ei målsetting at kommunen gjennom gode budsjettprosessar skal ha eit treffsikkert budsjett som balanserer gode rammevilkår som arbeidsplass, innbyggarane sine forventningar og gode tenester. Det er eit kontinuerleg arbeid som set krav til prioriteringar. Dette kan vera eit vanskeleg arbeid. Vanskeleg for administrasjonen og vanskeleg for politikarane.
I tida framover skal vi gjera kommunen til ein endå betre heimstad og arbeidsplass. Vi er godt på veg allereie. Kvinnherad kommune skal vera kjenneteikna av eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø, som saman med heiltidskultur og eit trygt og støttande arbeidsfellesskap skal gjera kommunen attraktiv i arbeidet med å rekruttera kompetente, gode kollegaer.
No er det opp til politikarane å setja saman sitt budsjett, slik dei ønskjer det. Vi ønskjer dei lukke til med det gode arbeidet!
Vidare prosess for Handlings- og økonomiplanen:
- 18. november: Handsaming i formannskapet
- 12. desember: Handsaming i kommunestyret
Presentasjonen vert publisert her i etterkant Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert