Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

FN-dagen – eit symbol for håp

I dag, torsdag 24. oktober, markerer vi FN-dagen med ein tydeleg hyllest til menneskerettane. 

Som ein del av markeringa vart FN-flagget heist ved rådhuset i dag, saman med to norske flagg for å understreka støtta vår til FN og organisasjonen sitt utrettelege arbeid for fred, rettferd og menneskerettar. Dette er første gong me har FN-flagget i Kvinnherad. Ordførar Bjørnevik stod sjølv for heisinga av det nyinnkjøpte flagget.

FN-dagen er ein dag til å reflektera over dei grunnleggjande rettane som gjeld for alle menneske, uavhengig av bakgrunn, kjønn eller status. Desse rettane, nedfelt i FN si menneskerettserklæring, omfattar mellom anna retten til liv, fridom, tryggleik, likestilling, ytringsfridom og rettferdig behandling. Me i Kvinnherad kommune ønskjer å retta ekstra fokus mot desse rettane, som er grunnleggjande for eit rettferdig og inkluderande samfunn.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?