Kvinnherad tek i bruk Kjernejournal

Institusjonane og heimetenesta tek i desse dagar i bruk Kjernejournal via journalsystemet sitt. Helsesentera har alt tilgang til Kjernejournal. 

Kjernejournal er ei nasjonal satsing og eit samarbeid mellom Norsk Helsenett, Helse Norge og journalleverandørane. 

Målet med å ta i bruk kjernejournal er å auka pasientsikkerheita ved å gje tilgang til viktig informasjon når ein pasient vert flytta mellom omsorgsnivå, og i akuttsituasjonar.  

I kjernejournalen finn ein: 

  • Kritisk informasjon
  • Pasienten sine registreringar
  • Legemiddel (kjelde reseptformidlaren)
  • Journaldokument (epikrise og samanfatningar)
  • Prøvesvar (folkehelseinstituttet)
  • Vaksinar (SYSVAK)
  • Oversikt over besøk i spesialisthelsetenesta (Norsk pasientregister)

Tilgang Kjernejournal:  

  • Pasientar har tilgang til eigen Kjernejournal via Helse Norge 
  • Fastlegen kan lesa og leggja inn helseopplysningar via sitt journalsystem 
  • Spesialisthelsetenesta legg inn helseopplysningar via sitt journalsystem 
  • Pleie og omsorg kan lesa og leggja inn helseopplysningar (etter autorisasjon) via sitt journalsystem 
  • Pasienten bestemmer om noko ikkje skal visa i kjernejournal  

Oppslag i kjernejournal følgjer gjeldande bestemmingar om teieplikt og behandling av helseopplysningar. Bruk av kjernejournal blir logga som ved anna oppslag i pasientjournal. 

Her finn du meir info:   

Helse Norge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.  
Norsk Helsenett Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.  

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?