Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Helsesista i Rosendal

Tale Maria Krohn Engvik, kjent for mange som Helsesista Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., hadde føredrag for elevar og foreldre ved Rosendal ungdomsskule og elevar frå Hatlestrand ungdomsskule denne veka. 

Tale er utdanna helsesjukepleiar og held føredrag med ein miks av seriøs kunnskap, humor og personlegdom. Ho er oppteken av å løfta den psykiske helsa til barn og unge. Overordna tema for foredraget i Rosendal var inkludering og utanforskap.

Føredraget var eit samarbeid mellom Rosendal ungdomsskule, Rosendal helselag og Romsleg. Det var finansiert med midlar frå SpareBank1 Stiftinga.

Rosendal helselag delte ut frukt.


Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?