Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

SFO har ferietilbod våren 2025

Skulane har ferietilbod på SFO der det er minimum seks påmelde. Søknadsfristen er 1. november 2024.

Følgjande skular har ferietilbod:

  • Halsnøy 
  • Sunde 
  • Valen (søknadar frå Valen og Skarveland) 
  • Undarheim (søknadar frå Undarheim og Bringedalsbygda) 
  • Uskedalen 
  • Malmanger (søknader frå Malmanger, Omvikdalen og Åkra) 

(I påskeferien er det berre ferietilbod ved Undarheim og Malmanger skular) 

Frå Visma Flyt Skole blir skjema sendt ut i dag, 08.10.24 til 1. - 4. trinn. Foreldre får melding i app. 

Ta kontakt med skulen dersom du ikkje har fått denne meldinga. Prisar i 2024: 1 – 3 trinn 4 trinn 
Vinterferie (24. – 28.2.25) 1270,- 1735,- 
Påskeferie 14. – 16.4.25) 600,- 890,- 
Juni 2025 (23. – 30.06.25) 1500,- 2100,- 

Prisane blir justerte i samband med nytt budsjett for 2025. 

NB! Ein kan endra eller sei opp plassen innan 31.desember 2024. 
Endeleg svar vil bli sendt ut i januar 2025 . 

Søknadar som ikkje er sagt opp innan 31.desember 2024 blir fakturert.

 

Her finn du meir informasjon om SFO Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?