Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Tusen takk for nok ein vellukka ryddeaksjon - tredje året på rad!

I samband med ryddeaksjonen Rein Hardangerfjord den 19. september, ønskjer vi å takka både barnehage- og skuleelevar, samt ei ekstra stor takk til kranbilsjåføren Joakim Heimvik.

Då vi etterspurde avfallstransportørar til aksjonen på Facebooksida vår, så ringte Heimvik knapt ein liten halvtime etter vi hadde publisert innlegget. Joakim driv Odda kran AS, og brukte fritida si til å hjelpa oss med å henta bosset etter aksjonen var ferdig, noko han gjorde gratis.

-Dette er heilt gull for aksjonen sin del, og vi er veldig takksame for at Joakim kontakta oss og tilbydde hjelp, fortel aksjonsansvarleg i kommunen, Linda Hjelmeland.

Like kjekt er det at barnehagar og skuleklassar stiller opp år etter år – de gjer ein stor og viktig innsats!

Tusen takk!

Joakim Heimvik i Odda kran AS stilte med lastebilen sin.

 

 


Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?