Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Bli sett – bruk refleks!

Refleks er den billegaste livsforsikringa du kan ha! Bruk refleks så du blir synleg i trafikken. 

Vi oppmodar om at du brukar refleks som bevegar seg når du får, og at du brukar to refleksar – slik at du er synleg frå fleire kantar.

Vi blir stadig flinkare til å bruka refleks i mørket, snart brukar halvparten av oss det, men Trygg Trafikk håpar at langt fleire prioriterer refleksen i mørket i tida framover.

Kvart år samarbeider vi med ein designar som lagar årets refleks Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Refleksen kan kjøpast i utvalde nettbutikkar.

Våre beste reflekstips:

  • Fest refleks på alle jakker og baggar
  • Bruk refleks som bevegar seg når du går, då synest du best
  • Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar
  • Heng refleksen i knehøgde eller bruk refleksband på bein

Her kan du lesa meir om refleks Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.


Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?