Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Godt samliv – kurs for førstegongsforeldre

Kvinnherad kommune har tidlegare gitt tilbod om Godt samliv-kurs til foreldre. I oktober startar kurset opp igjen, som ein del av den fødselsforberedande pakken til førstegongsforeldre. 

Godt samliv er eit kurs som skal hjelpa og støtta foreldre i ei tid med store forandringar og nye utfordringar. Intensjonen med kurset er å gi kunnskap og råd til førstegongsforeldre om kva som bidrar til gode og varige samliv. Gjennom kurset har ein fokus på korleis vera ein god partnar i ei sårbar tid når ein går frå å vera eit par til å bli ein familie på tre. 

I haust blir det eitt kurs fordelt på to kveldar i Kvinnherad Arena:

Måndag 28.10.24, kl. 16 – 20 
Måndag 11.11.24, kl. 16 – 20 

Det vil blir servert varm mat.

For påmelding kan du kontakta jordmor Lenke til et annet nettsted. eller helsestasjon Lenke til et annet nettsted., eventuelt kan du ta direkte kontakt med helsesjukepleiarane Ingunn Sæverud Jensen (97 07 46 78) eller Solgunn Lyhammer Ask (90 96 87 81).

Det vil bli sett opp fleire kurs til våren.

Her finn du meir informasjon om kurset Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?