Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

No må du visa billetten ved påstiging

Frå 1. oktober trer ein ny regel i kraft om at ein må visa billetten når ein går om bord i bussen.

Dette gjeld alle reisande - også alle skuleelevar. Alle elevar med rett til skuleskyss får eit skysskort. Ungdomsskuleelevar kan velja å få billetten på mobil.

Skyss gjer denne endringa for å få betre kontroll med at alle reiser med gyldig billett. Alle passasjerar (utanfor bergensområdet) må gå inn framme i bussen og visa billetten sin til sjåføren. 

Dersom du har mykje bagasje, barnevogn, sykkel, eller av andre grunnar må bruka bakdøra, skal du gå fram til sjåføren for å visa billetten din etterpå.

Her kan du lesa meir om den nye regelen til Skyss Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?