Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Bestillingstransport frå dør til dør

Tysdag denne veka vart Skyss sin bestillingstransport for området Husnes - Sunde - Valen sett i drift. 

Ein minibuss med 16 seter og plass til rullestol kan tingast for persontransport frå dør til dør til prisen av ein vanleg bussbillett. Såleis får reisande i Kvinnherad eit meir fleksibelt kollektivtilbod.  Med tre blide testpassasjerar, ordførar, varaordførar, lokalpressa, representantar frå Skyss og operatør, vart prøverunden ei særdeles hyggjeleg stund!

Kommunestyret har løyvd midlar til dette prøveprosjektet for inntil tre år frametter. Bestillingstransporten kjem i tillegg til det vanlege kollektivtilbodet og vil køyra frå kl. 9 - 14 om føremiddagen og frå klokka 16 om ettermiddagen. 

Ein kan bestilla transport via appen «Skyss Bestilling», eiga nettside eller via telefon. Kjøp av billettar følger same system som kollektivtrafikken elles.

Her kan du lesa meir om tilbodet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?