Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Elektronisk kommunikasjonsnett er oppe igjen

Oppdatert kl. 13:43:
Telenor har no meldt at feilen er retta og at alle tenester er oppe igjen. Dette gjeld også Telia.


---

Telenor har meldt om utfall i ein del basestasjonar i Kvinnherad. Entreprenør er varsla for å starta arbeidet med å utbetra feilen. I tillegg har Telia meldt om utfordringar med basestasjonane i Husnesområdet.

I følgje Telenor og Nkom (Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit) gjer utfallet at det er manglande mobildekning rundt områda Matre/Fjellhaugen, langs Fv 40 og i og rundt Ølve. I tillegg er det redusert kapasitet i Kvinnheradfjorden mellom Herøysund og Ølve og store delar av Halsnøy (Sæbøvik og Høylandsbygd).  

Ein god del kundar har og brot på breibandsambandet.

Det er ikkje registrert utfall i Nødnett.

Nkom har desse råda til brukarane:

  • Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i eit område, er det mogleg å ringe nødnummeret 112 for alle naudsituasjonar via roaming (gjesting) hjå andre operatørar som har dekning.
  • Viss ein har trådlaust breiband har dei fleste høve til å ringe med WIFI tale 
    Slik aktiverer du WiFi Tale Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
  • Flytte seg seg til eit område som har mobildekning

For kontakt med Husnes helsesenter ringer du legevakt 116 117 ved akutt behov. Bruk gjerne helsenorge.no Åpnes i nytt vindu. for førespurnadar som ikkje hastar om du har tilgang til det.
NAV Kvinnherad held stengt i dag grunna utfall av nett og telefon.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?