Vrakpant på kasserte fritidsbåtar

Du kan få utbetalt 1000 kroner i vrakpant når du leverer den kasserte fritidsbåten din til eit lovleg avfallsmottak.

Kasserte fritidsbåtar kan innehalda delar og materiale som kan skada miljøet. I tillegg kan det vera farlege stoff i båten, til dømes frå botnstoff i skrog. Dei fleste fritidsbåtar i Noreg er laga av ei blanding av materialar, til dømes glasfiber som inneheld mellom anna plast. Dumping av slike båtar i havet vil føra til nedbryting, som over tid fører til mikroplast i havet. Fritidsbåtar som blir forlatne i naturen eller senka ulovleg bidrar til forsøpling og lokal forureining.

Ved å samla inn og behandla båtar som skal kasserast, hindrar vi at menneske og natur blir eksponerte for farlege miljøgifter og mikroplast frå båtar som blir etterlatne. I tillegg vil materialgjenvinning og energiutnytting av båtane gi reduserte klimagassutslepp og andre positive miljøeffektar.

Du kan lesa meir om tilskotsordninga på Statsforvaltaren sine sider  Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay