Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Bruk sikkerheitsbelte

Det er mange som skal reisa med buss til jobb og skule. Hugs å bruka sikkerheitsbelte på bussen!

Det er liten tvil om at bilbelte reddar liv. Lista nedanfor illustrerer kvifor belte er så viktig:

  • Å kollidera i 50 km/t utan bilbelte svarar til eit fritt fall på 10 meter
  • Å kollidera i 70 km/t utan bilbelte svarar til eit fritt fall på 19 meter
  • Å kollidera i 90 km/t utan bilbelte svarar til eit fritt fall på 32 meter
  • Skadefrekvensen for personskadar er opp til ti gongar høgare i tettstadane enn utanfor.

Ta vare på deg sjølv og dei rundt deg – nytt alltid sikkerheitsbelte – også i buss.

På desse sidene finn du meir informasjon:
Belte i buss Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 
Barn i buss Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?