Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Ferieavvikling ved helsesentera sommaren 2024

Helsesentera i Kvinnherad kommune har ferieavvikling frå 17. juni til 16. august. I den perioden vil det vera redusert kapasitet på ordinære legetimar, og akutt hjelp vil bli prioritert. 

Ved behov for akutt legetime må du ringja oss klokka 08.00 for time same dag. Me ber om forståing for at det kan oppstå noko ventetid, både når det gjeld konsultasjonar og e-meldingar.

Hatlestrand helsesenter vil vera stengt i veke 30, 31 og 32. Kollegaene våre frå Rosendal helsesenter skal ta seg av akutte timar og andre ting som ikkje kan venta til fastlegen kjem tilbake. Dersom ein opplever nedsett tilgjengelegheit, kan ein kontakta legevakta. 

Hugs å fornya reseptar før sommarferien. 

Ha ein riktig fin sommar!

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?